Årets jakt starta Laurdag 26 september, i skikkelig regn.
Fyrste forsøk gjekk i frå setra til "Klovningane" der var det sett
tre dyr men med det vart heller
magert utbytte. Der etter gjorde vi eit forsøk ned om vegen og jaga
"Hauane" framover her skaut Tore ein kalv.

Etter middagen vart det "Nobba" rett opp, og dermed var helga redda
for her datt det tre dyr mellom anna ein stor seksgreinar.
Det var Jan Roger som stod for det.
Sundagen vart vi liggande på veiret, det var so mykje regn og store elvar at vi
avlyste dagens jakt.
Torsdag 1. Oktober skaut eg ein koffar i Holmevika
Den 3. Oktober var det duka for jakt igjen og jaget starta på
sætra og gjekk heim i "Klovningane" her skaut
Per Arild ein fin tregreinar

Meir vart det ikkje denne jaktdagen. Men når månen kom fram i kveldinga
skaut Jan ein firegreinar i Nesholå.
Seinare same natt fekk Roy Henning
Ulvestad sjansen, ein stor Seksgreinar,
denne tok han på "Slettestøylen"
Søndag 4 Oktober. Denne dagen vart det heller magert utbytte det vil seie
ingenting
Kvelden 5. Oktober skaut Jan nok ein bukk i Nesholå ein
firegreinar
Denne helga hadde laget so leiger jakt med oss terrenget tl sin
disposisjon, dette gav også resultat.
Fredagskvelden skaut Rune Fekjan ein tregreinar oppe i Holmevika.
Her er karane i full gang med flåing 
Dagen etter tok dei også ein kalv og dermed fekk dei og fylt kvota si.
12 oktober fekk eg prøve å jakte på brølande bukkar, tre av desse rauk i hop
oppe på Hjellebakkskaret og eg fekk ein av desse.
Det var 2 seksgreinara og ein femgreinar, eg fek skot på femgreinaren
Spennande jakt var det i alle fall,
No stend det att eit dyr på kvota.