GALLERI

Her er jaktterenget vi skal boltre oss i
Jakta i Sørdalen starta 9.september med planlegging og strategimøte på
Slakteriet.
Einigheita i sånne høve er aldri til å ta og føle på
Men det vart i alle fall bestemt at
Fannene skulle jagast.
Laurdag 10nde. Post rekka som var bestemt fredag kveld var
tidleg ute og på plass langs Sandvikselva.
Jaget starta kl10 på fonnoverbygget.
Som ein kan sjå, her i frå Kjell Folkestad si rute er det fin utsikt

Det varte ikkje lenge før vi forstod at det var mykje dyr i området.
Våre gjester frå austlandet Leif og Nils med sine eminente hunder starta
nok ballet med fyrste losen

Faktisk så sette vi ny rekord for dette jaget med 10 felte dyr på 3 timar.
Geir Ove skaut kolle og kalv
Marius skaut kalv
Knut SteinarLindset skaut kalv
Gøran skaut bukk og kalv
Terje skaut bukk og kolle
Arne Per skaut kolle og kalv
underteikna skaut kolle

Svensken var sjølvsagt svert blid
Trur nok at Terje var svert nøgd
også
Det vart med dette jaget, då vi skulle få alt i hus og
slaktast

Søndag 11-9-11.
Denne dagen var det regn vind og dårlig jakt.
Etter å ha jaga Nonsberget var resultatet null og nix.
Laurdag 19-9-11.
I dag vart det bestemt at vi skulle i Laurdalen. Kjell , Marius, og Geir Ove
starta tidleg og besette dei øvste postane.
Resten av gjengen starta i frå vegskiftet i halv ti tida.

Fyrste bukken datt allereide etter eit kvarter ut i jaget. Arne Per skaut ein
firegreinar nede i Setrekrokane.
Nokre dyr vart no sett framover, men det heilt store resultatet vart det ikkje.
Etter matykta i Blåurberget og inn i neste jag lurte eit par dyr seg mellom
jagarane, men takka vere Geir Ove som
bakpost i ura fekk vi ei fjorskolle der.
Vidare fram mot Skarbakkane fekk Sindre has på ein firegreinar til. Men her tok
hellet slutt
Thore prøvde å kapp-springe med ein hjort heimover ura med eit heller tvilsomt
resultat.
Knall og fall og eit stygt kutt i kneet.
Her gjekk jakta for hans del direkte
til legevakta og sju sting i kneet.
Resten av oss måtte få dyra til gards,
Det var i alle høve ein nydelig dag i
Laurdalen.
.